Feeds:
Posts
Comments

Posts Tagged ‘besteforeldre’

LÆV

Det var ein del ting som ikkje var ”læv” under krigen. Å ha våpen, sjølvsagt. Det skulle jo ikkje vere mogleg å gå til opprøyr mot nazistane. Men folket måtte ha mat, så nokre våpen tok dei då vare på likevel. Ein gong var bestefar min på tur. Eg trur dei jakta på rev, eller noko anna etande. Då vart dei oppdaga av ein tyskar og den lokale nazisten i bygda. Men han lokale ville ikkje melde inn nabogutane, så han sa berre til tyskaren: ”å, dæm, dæm he læv, dæm”. Og så var saken så godt som ute av verda.

Det er ein del ting som vert sett i perspektiv når ein vitjar besteforeldra sine. Det er andre standardar og andre ting som er viktig. Til dømes kan ein ikkje gje frå seg tomflasker ein plukkar langsetter vegen til butikken før ein har vaska dei. Og bestefar får ikkje gått på årsmøte (i eit eller anna bustadbyggjar lag, var det det han sa?) før han har fått nytt høyreapparat. Det førre streika, og han leverte det til ei dame som skulle reparere det, men han har ikkje høyrt noko enno. – Eg ser det for meg. Det høyreapparatet kan lett felle inn mellom andre arbeidsoppgåver. Eller strande i vulkanoske. Eller berre verte gløymt att eit par dagar. Bestefar venter tålsam heime på kjøkkenet, og får ikkje ta del i kvardagen. Men klagar, det gjer han ikkje. For han har ei ugrunneleg tru på at alle skjøttar arbeidet sitt etter beste evne. Sånn som han alltid har gjort. Eg håper han har rett.

Ein har alltid ”tyññtes” når ein kjem på besøk til bestemor og bestefar. Det er ikkje sant, tenkjer eg. Mein dei gamle er som kjend eldst, så eg protesterar ikkje. No har eg derimot knekt koden: kvar gong eg fer heim frå bestemor og bestefar, er eg større enn då eg kom. Ikkje rart eg har tynnjtes når eg kjem tilbake. Her er det jo servering døgnet rundt.

Trøndersk språk og kultur er uerstatteleg. Besteforeldra mine og.

Advertisements

Read Full Post »